Gå til hovedinnholdet.

Om oss

Digital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personer med utviklingshemming

Publisert 07. desember 2022 | Oppdatert 12. mai 2025

Sjå opptak frå ein heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming. Les også om CRPD-nettverk Vestland og bli inspirert!

USHT Vestland (Sogn og Fjordane), USHT Helse Fonna og USHT Vestland (Hordaland) har arrangert ein heildigital inspirasjonsdag om velferdsteknologi i tenestene til personar med utviklingshemming. Sjå opptak frå dagen og bli inspirert! Opptaket gjer deg kunnskap om bruk av velferdsteknologi i tenestene og du vil bli bedre kjend med nasjonale føringar, lovverk, ressursar og løysingar. Det blir og vist fram døme frå kommunane.

Målgrupper er tilsette i tenestene til personar med utviklingshemming, både tilsette i direkte tenesteyting og forvaltningskontor, leiarar og beslutningstakarar – og andre med interesse for tema.

På nettsidane til USHT Sogn og Fjordane finn du opptaket og ein lenkesamling med ressursar frå dagen. Opptaket vil vere tilgjengeleg i eitt år, og ein teksta versjon vil også bli gjort tilgjengeleg.

Snurr film! 

Les også intervju med arrangørane om på NAKU sine nettsider!

CRPD*-nettverk Vestland

USHT inviterte til fysisk samling i CRPD-nettverket 18-19. januar i Førde. Hovudmålet for samlingane er å dele kompetanse og erfaring som sikrar at utviklingshemma får helse- og omsorgstenester som byggjer på dei grunnleggande prinsippa i FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne.

Kommunar frå heile Vestland deltok på den fysiske samlinga, det var òg fleire viktige aktørar med. Til dømes representantar frå Statsforvaltaren, Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU).

Les om samlinga på USHT Vestland (Sogn og Fjordane) sine nettsider.

FNs konvensjon om rettigheitane til mennesker med nedsatt funksjonsevne: UN Convention on the Rights of Persons with Disabilities - CRPD.

Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding: