- Agder (Vest)
- Agder (Øst)
- Akershus
- Buskerud
- Finnmark
- Finnmark (samisk)
- Helse Fonna
- Innlandet (Hedmark)
- Innlandet (Oppland)
- Møre og Romsdal
- Nordland
- Oslo
- Rogaland
- Telemark
- Troms
- Trøndelag (Nord)
- Trøndelag (Sør)
- Vestfold
- Vestland (Hordaland)
- Vestland (Sogn og Fjordane)
- Aktiviteter
- Prosjekter
- Forskning
- Presentasjoner
- Arkiv
- Østfold
Pågående
Kunnskapsklynga POLYFON skal stimulere til kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, samt informasjon og formidling. Kunnskapsklynga består av kommunar, helseføretak, kompetanse- og forskingsmiljø som ser at musikkterapi kan bidra til inkludering, deltaking og meir ressurs- og brukarorienterte tenester, og som ynskjer å bidra til utvikling av feltet på ein systematisk og kunnskapsbasert måte. Vestland (Sogn og Fjordane) deltek i POLYFON gjennom eit partssamarbeid mellom fylkeskommunen, helseføretaket, høgskulen og utviklingssenteret.
Dei komande åra er det venta ei auke av eldre, saman med ei veksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester, men ikkje tilsvarande auke i tal helsepersonell. Velferdsteknologi er fremja som eit av virkemidla for å møte utfordringane, og skal bidra til innovasjon og auka kvalitet i tenestene.
Det er godt dokumentert at pårørande til personar med demens blir utsett for stor omsorgsbyrde, og at dette kan ha negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv og helse. I denne studien ser vi på samanhengen mellom spesifikke nevropsykiatriske symptom ved demens, stress bant pårørande og tidspunkt for innlegging i institusjon.
Avsluttet
MULTICARE skal forske på utvikling av, og arbeid i, dei kommunale helse og omsorgstenestene i Noreg med særskilt fokus på arbeid som ein integrerings- og inkluderingsarena for innvandrarar. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskingsråd (NFR) gjennom programmet HELSVEL og er leia av Senter for omsorgsforsking Vest (SofV). USHT Sogn og Fjordane er særskilt inne i arbeidspakke 3: Kunnskap og trening av leiarar for multikulturell stab.
Leiarar i fire sjukeheimar og fire heimetenester har testa ut ein guide for leiing av kvalitetsarbeid i helse og omsorgstenestene.
Prosjektet ynskjer å få fram eit heilskapleg bilde av sjukepleiekompetansen i kommunehelsetenesta.